Skip to content

Sunnylvsfelten 2019

Årets siste feltstemne på Sunnmør går av stabelen i Hyttehola Palmelaurdag.

Kjell Oddvar Frøysa har vunne Sunnylvsfelten to år på rad. Greier han å ta den tredje?

Årets hold er som følger:

I    C25  Liggande  

II 1/6  Kne + liggande. Dobbelthold 2,5 minutt

III 30x10 Stripe   

IV 1/4 kne

Følg med på resultata her 

 --------Livevisning------------ 

---------Live resultat---------- 

 

LS 2018

Kanonstart på LS

Sunnylvingane har fått ein pangstart på Landskyttarstemnet. Allereie på dei to første dagane har vi nådd fleire finaleplassar.
I ER har Isak skote fullt hus med 250p og er klar for finale på onsdag. Kristian følgte opp med 30 på felten og og skyt finale på fredag. Inneleiande på felten dannar grunnlag for skogsløp med skyting,og Kristian er ein av dei som kan bli Norgesmester i denne greina.
i klasse rekrutt skaut Ørjan 28 treff på søndag. Dette heldt ikkje heilt til topps i klassa, men dannar eit godt grunnlag for skogsløpet seinare i veka.
Seniorane kunne ikkje vere dårligare, og Trygve og Dag Andre gjorde ingen feil på innleiande skyting i kl 5. Med 30 treff er dei med og kjemper om NM tittelen på fredag. Trygve la også eit godt grunnlag for skogsløp med skyting på torsdag. Med fult hus på skytinga, er det truleg berre Ole Martin Erdal, som kan hamle opp med Trygve på springinga .Ole Marin ligg eit halvt minutt bak Trygve før løpsdelen av konkurransen.
Ivar og Ola starta bra på felten, men med 4 treff på siste hald, vart det 28 treff og litt bak dei beste.Kjell Oddvar fikk 27 treff og Nils Olav 26. Men totalt var det svært bra levert av våre skyttarar. Ut over i veka er det fleire sjanser for finleplasser. Tirsdag skyt Ivar,Kjell ,Dag og Trygve om finaleplass på baneskytinga. Isak skal prøve seg på feltfinale,og Ørjan og Kristian har baneskyting på mandag og tirsdag.

Trur vi har mykje å glede oss til ut over i veka.



Hytteholstemnet 2018

Hytteholstemnet 2018 starter torsdag 26/7 167 deltakarar er påmeldt og vi håper på fine forhold med mykje god skyting. Banerekorden til Bjarne Muri er på heile 349 poeng, så den er det vanskeleg å pynte på. PEAB Nordang ny sponsor 2018-2022. Vi har sammenlagt trofe i kl 3-5, V55, V65 og73. I tillegg er det lagskyting der dei to beste 35skudd skyttarane i kvart skyttarlag på 100 og 200 meter, tel på laget. ------- LIVEVISNING ----- Resultat Hytteholstemnet 2018