Skip to content

LS 2018

Kanonstart på LS

Sunnylvingane har fått ein pangstart på Landskyttarstemnet. Allereie på dei to første dagane har vi nådd fleire finaleplassar.
I ER har Isak skote fullt hus med 250p og er klar for finale på onsdag. Kristian følgte opp med 30 på felten og og skyt finale på fredag. Inneleiande på felten dannar grunnlag for skogsløp med skyting,og Kristian er ein av dei som kan bli Norgesmester i denne greina.
i klasse rekrutt skaut Ørjan 28 treff på søndag. Dette heldt ikkje heilt til topps i klassa, men dannar eit godt grunnlag for skogsløpet seinare i veka.
Seniorane kunne ikkje vere dårligare, og Trygve og Dag Andre gjorde ingen feil på innleiande skyting i kl 5. Med 30 treff er dei med og kjemper om NM tittelen på fredag. Trygve la også eit godt grunnlag for skogsløp med skyting på torsdag. Med fult hus på skytinga, er det truleg berre Ole Martin Erdal, som kan hamle opp med Trygve på springinga .Ole Marin ligg eit halvt minutt bak Trygve før løpsdelen av konkurransen.
Ivar og Ola starta bra på felten, men med 4 treff på siste hald, vart det 28 treff og litt bak dei beste.Kjell Oddvar fikk 27 treff og Nils Olav 26. Men totalt var det svært bra levert av våre skyttarar. Ut over i veka er det fleire sjanser for finleplasser. Tirsdag skyt Ivar,Kjell ,Dag og Trygve om finaleplass på baneskytinga. Isak skal prøve seg på feltfinale,og Ørjan og Kristian har baneskyting på mandag og tirsdag.

Trur vi har mykje å glede oss til ut over i veka.



Trackbacks

Ingen Trackbacks

Kommentarer

Vis kommentarer som Lineær | Trådet

Ingen kommentar

Legg til kommentar

Enclosing asterisks marks text as bold (*word*), underscore are made via _word_.
Standard emoticons like :-) and ;-) are converted to images.

To prevent automated Bots from commentspamming, please enter the string you see in the image below in the appropriate input box. Your comment will only be submitted if the strings match. Please ensure that your browser supports and accepts cookies, or your comment cannot be verified correctly.
CAPTCHA

Form options