Det skjer:
FEB
28
28.02.2012 18:00 -
20:00
Miniatyrtrofeet 3 skyting
FEB
29
29.02.2012 18:00 -
21:00
Finale Bedriftscup
MAR
06
06.03.2012 18:00 -
20:00
Miniatyrtrofeet 3 skyting
MAR
13
13.03.2012 18:30 -
20:30
Trening Rek/Jr
APR
01
01.04.2012
Ope Feltstemne
Sunnylven skyttarlag skipa 1865.
Sunnylven skyttarlag er eit av dei eldste skyttarlaga på Sunnmøre, og kom tidleg med i kjeldene vi har om skyttarlaga i Norge. Knut Frøysa laga eit jubileumsskriv til 120 årsjubileet som var feira i 1985. Dette skrivet kan du lese her.Dei siste 20- åra etter 1985 har laget tatt fleire steg sportsleg, og frå 1988 og langt ut på 1990 talet var laget det beste i Møre og Romsdal. Laget vann fylkescupfinalen for senior samanhengande frå 1988 og til 1994. I denne perioden hadde vi også ein 3 plass i Østlandscupen for 8 manns lag.
Asbjørn Nybø la ned eit enormt administrativt arbeid denne perioden, som førte til at Sunnylven skyttarlag for alvor vart sett på Norgeskartet innan for DFS- skyting.
I tillegg har vi hatt fleire individuelle topplasseringar i nasjonal samanheng. Ein kan nemne Kjell Oddvar Frøysa sin 2 plass i NC stemnet i Imenes med 347 poeng, som lenge var fylkesrekord på bane. Han vart også Landsdelsmester i feltskyting på heimebane i 1996.
Ivar Fivelstad vart Midtnorsk mester både på felt i-92 og Bane -94. I 1994 vart Ivar også nr 17 sammenlagt i Norgescupen etter fleire topp 10 plasseringar i enkeltstemner, og vart nr 4 i NC finalen det året. Ivar deltok også i Nationsfinalen i 1993.
Rolf Matvik vart Landsdelsmester i Baneskyting kl V65 i 2007.
På Landskyttarstemnet har Knut Jon Frøysa, Oddmund Fivelstad og Rolf Matvik tatt medaljer i hhv. Junior og V65 dei siste åra. Ivar Fivelstad har vore nærme kongelaget fleire gongar siste åra, med 11 plass på Elverum 2000 som beste resultat.
Dette er berre nokre av resultata som er oppnadd oav laget sine skyttarar dei siste åra.
Formenn i laget etter 1985:
Jan Erik Øksvang
Asbjørn Nybø
Rolf Fivelstad
Ivar Fivelstad
Kjell Oddvar Frøysa
Leif Arne Fivelstad
Per Gunnar Tryggestad
Bård Øye

