Treningsavgift for bruk av skyttarlaget sine anlegg
Bruk av Miniatyr bana ved Hellesylt stadion og anlegga i Hyttehola.
Sunnylven Skyttarlag presiser at alle som nyttar klubblokalet og miniatyr bana der, må vere medlem av Sunnylven Skyttarlag, og vere med på å dekke kostnader til utstyr, forbruksmateriell, straum osv. enten det er i regi av skyttarlaget, eller når Idrettslaget nyttar lokala/miniatyr bana til sine treningar.
Som ein del av treningsavgifta vert det gitt gratis ammunisjon på treningane som er arrangert av skyttarlaget.
Inkludert i medlemskapen er og bruk av skyttarlaget sine lokale i Hyttehola, samt bruk av anlegget der.
Rekning for dette vert sendt ut ETTERSKOTVIS kvart år. Kor mykje ein vil bruke anlegget er opp til ein sjølv, men vi ser gjerne at det vert mykje brukt.
Sunnylven Skyttarlag

