Det skjer:
FEB
28
28.02.2012 18:00 -
20:00
Miniatyrtrofeet 3 skyting
FEB
29
29.02.2012 18:00 -
21:00
Finale Bedriftscup
MAR
06
06.03.2012 18:00 -
20:00
Miniatyrtrofeet 3 skyting
MAR
13
13.03.2012 18:30 -
20:30
Trening Rek/Jr
APR
01
01.04.2012
Ope Feltstemne
Hellesylt
Hellesylt er ei lita bygd inst i Storfjorden på Sunnmøre, den er omkransa av høge fjell med snøkledde toppar som stuper rett ned i den blå-grøne Storfjorden.
Bygda er kjend for sitt enorme engasjement og dugnads ånd, samt fargerike historie som ein av dei mest kjende turiststadane på slutten av 1800-tallet. Kongelige frå heile verda og kjende personar som Henrik Ibsen tok gjerne turen til Hellesylt.
På Hellesylt bur det ca. 680 innbyggjarar fordelt på 240 husstandar. Bygda høyrer til Stranda Kommune, og ligg som inngangs port til Verdsarv området og Geirangerfjorden. Samstundes ligg Hellesylt ”i hjartet” av ei rekke opplevingar og attraksjonar sommar som vinter. Hellesylt har ei rekke lokale fritidstilbod som skyting, fotball, trimgrupper, aktivt ski miljø, teatergruppe, ungdomsklubb, 4H, sanitetsforeining, bygdekvinne lag, bondelag mfl.
Hovudnæringa på Hellesylt er landbruk med 54 gardsbruk med aktiv drift innan mjølk og kjøt produksjon. Næringslivet elles består av fleire bedrifter som lagar ulike produkt, som til dømes Formvac as, Hellesylt Trevare as, Møbelfabrikken mfl. Hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt er Ole Ringdal as driv slakteri og vidare foredling av kjøt produkt.
Meir om Hellesylt finn du på www.hellesylt.no
Meir om Hellesylt finn du på www.hellesylt.no

