Hytteholstemnet 2020 – PEAB Nordang

Banestemnet starter onsdag kl 15. 154 skyttarar er påmeldt og vi håper vi får god skyting ut over veka på den fine skytebana vår.

Vi held oss til DFS sine smittevernreglar med desinfisering av overflater og avstandskrav 1 meter. Vi vil også føre protokoll over personar på anlegget.

Live visning og liveresultat finn du i menyen «Live frå skytebana»

Bjarne Muri klinka til men ny banerekord allerede på onsdag . Han forbedra sin eigen rekord frå 2015 med nokre inner. Den nye rekorden er på 349 med 19 sentrum.