Skyttarlaget arrangerer jakttrening og oppskyting i sommar.
Sjølv om det er gjort bestemmelsar frå Miljødirektoratet, om at jegerar som skaut opp til prøve i fjor slepp å skyte opp i år, oppmodar Sunnylven skyttarlag jegerar til likevel å ta turen innom skytebana i Hyttehola for prøveskot og trening.
Før ferien
Onsdag 24/6
Fredag 26/6
Etter ferien
Onsdag 12/8
Fredag 14/8
Onsdag 19/8
Fredag 21/8
Onsdag 26/8
Fredag 28/8
Tidspunktet blir frå klokka 18-20 alle dagar.
Vi vil også oppmode alle til å betale inn medlemskap til skyttarlaget også i år slik at inntektene til laget ikkje blir mindre enn dei må bli. Det vil vi sette stor pris på. Når det gjeld dei som kjem på skytebana for å skyte så vil det vere same prosedyre som tidlegare at ein må vere medlem.
For dei som vel å ikkje skyte, men som likevel vil sponse laget så kan ein gjere det via Vipps eller bank/faktura. Vippsnummeret til skyttarlaget er 114445, Ta eventuelt kontakt med kasserar Bård Øye (tlf. 97189565) og be om faktura.
Dei ulike satsane er:
Medlemskap over 18 år 300,- Medlemskap under 18 år 200,- Treningsskot 150,- Oppskyting 150,-
Merk gjerne beløpet med kva betalinga gjeld.
Smitteverntiltak
På grunn av korona-situasjonen må skyttarlaget ta i bruk smitteverntiltak for å begrense risiko for at det vert utvikla smitte under jegerkveldane:
– Spriting ved inngang/utgang på standplass
– Protokollføring av frammøtte på baneanlegget
– Fakturering/Vipps ved betalingar
– Alle skal ha liggeunderlag
– Påmelding ved oppmøte til oppmøteansvarleg/koronavakt
– Minst 1 meter mellom kvar person vert praktisert
– Desinfisering av utsette overflater vert gjort ved jamne mellomrom
– Ingen fysisk kontakt mellom funksjonær og skyttar
– Visitering av våpen vil bli gjort av skyttar mens standplasskontrollør ser på
– Felles opphaldsrom vil verte stengt
Les oppdaterte smittevernreglar på DFS sine sider