Kristian vann heimebanecupen

Ein skytesesong prega av coronapandemi har skapt annerledes konkuranser i Det Frivillige Skyttarvesen. Ein av dei har vore Heimebanecupen 2020 arrangert av Høland og Bjørkelangen Skytterlag saman med Team Sørlie.

 Ein landsomfattande konkuranse som skyttarlaga rundt om i heile landet har skote på sine eigne baner, og som det har vore livsending ifrå.. Det vart arrangert 1 stemne for veka i 8 veker der resultata har blitt rapportert inn til stevnearrangøren Høland og Bjørkelangen Skytterlag og Team Sørlie, Dei 4 beste resultat for kvar skyttar har vore teljande samamlagt i cupen. Programmet for skytinga har vore eit 35 skot utandørs stemneprogram tilpassa for 15m innandørsskyting.

 Vinnar av klasse 3-5 vart skyttarkongen Daniel Sørlie frå Høland Bjørkelangen Skytterlag med 1394 p. Nr 2 vart Anton Rudland frå Ringebu og Fåvang sktl. også han fikk 1394 p. På 3 pl. kom Runar Tveito frå Lunde Sktl. også han fikk1394 p. Her var det sentrumstiarane som skilte skyttarane.

 Sunnlven skyttarlag sine skyttara som deltok, viste seg fram med god skyting.  Kristian Frøysadal Hauge gjekk like godt heilt til topps i  Eldre Junior klassa med 1383 poeng, Han vann føre Hanna Johansen Time Skt.lag 1377p. Nr 3 vart Øysten Breden frå Otta Skt.lag med 1374p.  Eldre Junior  klasse skyt same programmet som kl. 3-5. Knallsterk skyting av Kristian.

 I kl 5 vart Ivar Fivelstad nr 67 med 1370 p.

I kl 4 vart Ola Vangen nr 28 med 1355 p.

I kl. Eldre Rekrutt vart Ørjan Frøysadal Hauge nr 19 med 1381p.

I kl Junior var Isak Frøysadal Hauge nr 23 med 1373 p.